ELD OG VATN

Direktekontakten mellom levande utøvarar er essensiell i tradisjonsmusikken og dansen. Månadens artist Andreas Ljones har samla eit lag av sterke sceniske utøvarar for å utfordre seg sjølve og dei andre i grenselandet mellom musikk og dans: dansarar i musikken og musikarar i dansen. Dei er alle nysjerrige og musiske menneske som gjennom improvisasjon og leik mot skarpe koreografiar og alvor utforskar kontrastane som oppstår når elementa møtes. Det blir ei nær forestilling der publikum er inne i scenerommet og verkeleg kan kjenne på svette og energien som oppstår. Publikum bør tåle vatn og varme, dette vil bli ei forestilling heilt utanom det vanlege! Regntøy delast ut til fremste rad.

NB: det er begrensa med plasser, så bestill billett!

Ådne Kolbjørnshus - dans
Paulucci Araujo Bakke - eld og dans
Silje Onstad Hålien - dans
Andreas Ljones - musikk
Sondre Meisfjord - musikk
Andreas Bratlie - musikk
Randi-Merethe - musikk