Systerspel – om spelet som var og spelet som vart borte
Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte? Systerspel, er ei bok skrive av Benedicte Maurseth om spelekvinner som spela fele frå 1700-talet til i dag. Eit verk omtalt som «en begivenhet» i Bokmagasinet i Klassekampen. Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon, og fortel om dei gjennom fakta og meddikting. Dei er fleire enn du trudde.
Konsertførestillinga byggjer på boka, og er ei historisk, personleg og nærgåande musikalsk forteljing om spelekvinner som var blinde og beinlause, som spela i bryllaup og til dans, og som vart både ovundra og hindra i å spela. Førestillinga tek opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny.
«Resultatet er solid scenekunst.» Avisa Hordaland.
«Det er sjeldan å sjå og høyra at alle delane i eit slik prosjekt dreg så eintydig i lag, men i sentrum står Benedicte Maurseth og gjennomfører ein kraftprøve utan eit einaste feil- eller kvileskjer.» Salt Peanuts.
Medverkande scenisk:
Benedicte Maurseth – hardingfele, forteljing, lesing
Produksjon:
Hildegun Riise – regi, manusutvikling, scenografi
Birk Nygaard – scenografi, lys og videodesign
Mari Kanstad Johnsen – illustrasjon
Kieran Kolle – video
Rune Døli – grafisk design
Jørgen Træen – lydkollasj
Benedicte Maurseth – komposisjon og manusutvikling
Konsertførestillinga er er produsert av Osafestivalen i samarbeid med Riksscenen, og er støtta økonomisk av: Norsk kulturråd, Vestland Fylkeskommune, Bergen kommune og Fritt ord.