Dansefestane tek ikkje slutt denne veka, og laurdagen ikkje noko unntak. På scenen stiller Småviltlaget, Bergrosa Juniorspelemannslag og Dei Gamle Kuratorane for å halde dansegolvet i gang utover kvelden og natta.

Småviltlaget feirar 30 år som gammaldansorkester i år, og det vert sjølvsagt markert på Riksscenen. Det heile starta i Vågå under Folkemusikktreffen i 1994, og sidan har den meritterte gjengen frå Røros halde saman. Småviltlaget har gjeve ut tre CD’ar, dei har vunne Landsfestivalen i Gammaldans to gonger, dei vann Kappspell i 1999 og mottok kongepokalen under Titanofestivalen i 2002.

Forutan drivande runddans er det Rørospolsen som er Småviltlagets varemerke, noko me får prov her i byen på 3.februar.

Tron Westberg 
Magne Haugom 
Jan Frostvoll  
Rolf J. Feragen - trekkspel 
Oddmar Kjerrengvoll - trekkspel  
Per Ivar Tamnes - gitar 
Ola Kjerrengvoll - kontrabass

Sjå alle arrangementa i DANS DANS DANS!