Folk & Rackare var ei av dei mest innflytelsesrike gruppene innan nordisk folkemusikk på 1970- og 80-talet. Samarbeidet mellom Carin Kjellman og Ulf Gruvberg førte til utgjevinga Med rötter i medeltiden i 1974, før dei danna kvartetten Folk & Rackare saman med Jørn Jensen og Trond Villa frå det norske kultbandet Folque. 

Dei to nordmennene tok med seg bordunsoundet inn i gruppa, og saman med inspirasjon frå britiske folkband som Fairport Convention og Pentangle fann dei sitt eige unike uttrykk. Dei nyskapande og originale arrangementa gjorde til at dei nådde ut til eit breidt publikum både i Sverige og internasjonalt, og vart eit førebilete for folkemusikkgrupper og balladetolkarar. I 2018 gjorde det svenske musikkmagasinet Lira ei kåring av dei 100 viktigaste platene i svensk folkemusikk. Der klokka Folk & Rackare si plate Rackarspel inn på femteplass! Fyrsteplassen i kåringa vart Hedningarna si plate Kaksi, produsert av Ulf Gruvberg. 

 

 

Trond Villa – fele, hardingfele og mandolin, vokal
Jørn Jensen – mandola, gitar, dulcimer, dulcian, vokal m.m.
Carin Kjellman – vokal
Ulf Gruvberg – vokal, gitar