I “SKAUT” leitar FRIKAR etter måtar mennesket frigjer seg på. Vår eiga tid blir sett opp mot historia, spelt ut gjennom bruk av kvinnelege hovudplagg. Er skauta innskrenkande eller frigjerande? Og kva med kjønnsrollene i folkedansen? Kan me frigjera folkedansen frå kjønnsroller utan å flate ut spennvidda i den? Med dette utgangspunktet leikar koreograf Hallgrim Hansegård og fem sterke, medskapande dansarar i møtet mellom bygdedansar og annan samtidsdans.
«Skaut» er full av energi, vakre koreografiske bilder, heftige karstykker, intens lokk og tekstiler som taler sitt eget språk. Det er en svært interessant og god forestilling som henter frem gamle tradisjoner og lar dem møte motstand gjennom frigjøring, kvinnelig identitet, humor og likeverd. Vår egen komplekse tid møter fortiden. - Karen Frøsland Nystøyl, NRK
Idé og koreografi: Hallgrim Hansegård
Komponist: Erlend Apneseth Trio
Dramaturg: Celestine Hennermann
Kostymedesign: Inger Stinnerbom
Kostymeassistent: Marita Solhjell Ølander
Lysdesign: Gard Gitlestad
Medskapande dansarar: Anita Vika Langødegård, Sara Enger Larsen, Sigyn Åsa Sætereng, Nora Svenning, Ornilia Percia Ubisse.
Produsent: Ingvil Ljones
Framsyninga er samprodusert med Beaivvas Samiske Nasjonalteater og Bærum kulturhus. Ho er støtta av Kulturrådet, Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Tipping, Eckbos Legat, Oppland/Innlandet fylkeskommune, Valdres Natur- og Kulturpark.