Ei kvinne og ein mann har forlatt byen og kjøpt seg eit hus ved havet. Det kan sjå ut som dei er på flukt frå noko, men kva? Kan ein flykte frå seg sjølv?
Dette er ein samproduksjon mellom Riksscenen, Västanå Teater, Fortellerfestivalen og ensemblet. Forestillinga vil bli framført inne i eit mongolsk telt, ein «jurt», og blir ei unik og intim oppleving der ordet, musikken og dansen står i fokus.
Manus: Jon Fosse
Regi: Leif Stinnerbom
Musikk/komposisjon: Erlend Apneseth
Kostyme: Inger Hallström Stinnerbom
Skodespel og dans: Margit Myhr, Ådne Geicke Kolbjørnshus og Vetle Springgard
Musikk: Erlend Apneseth og Stein Urheim
Colombine Teaterförlag