Nordic Sound Folk Orchestra var Førdefestivalen si store nordiske satsing på sumarens festival, og eit samarbeid med Riksscenen. Leia av den svenske orkestergeneralen, Karl-Johan Ankarblom, løftar dei fram solistiske tradisjonar i Norden i eit orkesterformat på folkemusikken sine premissar.
På repertoaret står nyskriven musikk av fire nordiske komponistar: Antti Järvelä (Finland), Mia Marin (Sverige), Harald Haugaard (Danmark) og Jorun Marie Kvernberg (Noreg). I tillegg til nye komposisjonar vil også tradisjonsstoff frå dei nordiske landa bli framført i ny drakt.
Orkesteret er sett saman av felespelarane i Gudbrandsdølenes Spelemannslag (Noreg), medlemer av folkemusikkbandet Folk All-in Band (Sverige), Baltic Crossing (Finland/Danmark) og Harald Haugaard Kvintett (Danmark). Solistar er Olav Luksengård Mjelva på hardingfele (Noreg), Olov Johansson på nøkkelharpe (Sverige) og stjernevokalistane Ulla Pirttijärvi (Sapmi/Finland), Lena Willemark (Sverige) og Berit Opheim (Noreg).

Til å leie det heile har vi svenske Karl-Johan Ankarblom, eitt av dei heitaste namna i Norden når det gjeld arrangering og orkestrering. Han har prosjekt med London Philharmonic Orchestra, BBC Symphony Orchestra og Royal Philharmonic Orchestra Stockholm på CVen, men sjølv for han overgår dette prosjektet det meste!  

– Vi seier ganske ofte at ein konsert er «unik», men denne gongen er det verkeleg sant! Det kjem til å gå fleire tiår før nokon lukkast i å samle så mykje spisskompetanse innanfor den nordiske folkemusikktradisjonen på ei og same scene igjen, seier Ankarblom.

KOMPONISTAR OG SOLISTAR:

Mia Marin - fele, 5-strengs fele
Harald Haugaard - fele
Jorun M. Kvernberg - fele
Antti Järvelä - fele  

SOLISTAR:

Olav Luksengård Mjelva - hardangerfele
Berit Opheim - vokal
Lena Willemark - vokal, fele
Ulla Pirttijärvi - vokal
Olov Johansson - nøkkelharpe

ORKESTER:

Emma Reid - fele
Esko Järvelä - 5-strengs fele
Jonas Bleckman - cello
Kirstine Elise Pedersen - cello
Lena Jonsson - fele
Nina Perez - fele
Emma Ahlberg - 5-strengs fele
Adrian Jones - viola, gitar
Anna Lindblad - fele
Kristofer Sundström - kontrabass
Sune Rahbek - perkusjon

GUDBRANDSDØLENES SPELMANNSLAG:

Aslak Brimi - fele
Sigrun Dyvik - fele
Selma French Bolstad - fele
Olaug Furusæter - fele
Sigrid Graedler Listuen - fele
Trude Hagaseth - fele
Kari Marte Haugstad - fele
Helene Høye - fele
Gunn Inga Tofsrud - fele
Guro Kjorstad - fele
Thea Marie Ytterdal - fele
Bjørn Kåre Odde - fele
Ingrid Olstad - fele
Johannes Selvaag - fele
Mari Skeie Ljones - fele
Sigrid Stubsveen - fele
Ingeborg Ulberg Sommer - fele
Ingunn Ulberg Sommer - fele
Hallgrim Ulvik Haug - fele
Elise Wessel Hildrum - fele

Samarbeidsprosjekt mellom Førdefestivalen og Riksscenen.