Sigmund Eikås har vore aktiv spelemann og slåtteskapar i ei årrekke. Han står blant anna bak eit 30-tals komposisjonar og har vore læremeister for ein heil generasjon hardingfelespelarar både i Sunnfjord og andre stader. I år har Sigmund fylt 75 år og det kan vi ikkje la oss forbigå utan ein fest og hyllest! Programleiar for kvelden er Sigmund sin mangeårige ven og medspelemann Arne Sølvberg.
Arne Sølvberg - hardingfele
Ingrid Stuhaug og Ole Nilsen - hardingfele og trekkspel
Joar Skorpen - hardingfele
Gro Marie Svidal - hardingfele
Britt Pernille Frøholm - hardingfele
Vidar Underset - hardingfele og dans
Hilde Bjørkum - dans
Indre Sunnfjord Spelemannslag
Sunnfjord Juniorspelemannslag
Honndalstausene
Etter konserten blir det dansefest med Indre Sunnfjord Spelemannslag, Honndalstausene og andre utøvarar frå festkonserten. Her vert det alt frå stødig springarspel til gode gamle reinlendarslagarar!