Moira Smiley og SVER tek tradsjonsmusikk frå Skandinavia og smeltar det saman med ville og melankolske låtar frå Appalachene i USA. Ut frå dette universet vert det skrive nye tekstar og komponert noko ny musikk med fokus på å setje ein gjennomtenkt kontekst til tradisjonsmusikk. Den vakre stemma til Moira Smiley blendar inn i den beinharde musikalske kraften til SVER sine feler, trommer og gitarar.

Samarbeidet starta under SVER sin turne i USA tidlegare i år, og debuten vart storveges med bortimot fullsett konsert i Berkeley, noko som inspirerte alle på scena til å ta prosjektet med vidare.

Moira Smiley er nok ukjend for mange her heime, men ho har turnert verda rundt med songen, trekkspelet og banjoen sin i band som tUnE-yArDs, SOLAS, Billy

Childs, The Lomax and Folklife Projects, KITKA, Theatre Of Voices og The Lyris String Quartet. Ho var tidleg inspirert av amerikansk “shape-note”, og saman med irske og russiske folkeviser, miksa saman med pianospelinga til Bach, Bartók og Debussy, vart musikaren og komponisten ei og reikne med.

 

SVER spiller storslagen folkemusikk med hemningsløs energi og forførerisk glød. Fra det drømmende lyriske til det djevelsk svingende. Det inviteres til fest der du møtes av en forlokkende urkraft som drar deg inn i dansen. I 2015 kom SVERs tredje album “Fryd” som fikk veldig gode omtaler verden over og neste album er på gang og lanseres i 2018!

 

Moira Smiley – vokal,banjo, Olav Luksengård Mjelva – fele,hardingfele, Anders Hall – fele, bratsj, Leif Ingvar Ranøien – torader, Adam Johansson – gitar, Jens Linell – trommer, tamburin & gammel koffert