I dag får vi skikkelig gammal musikk til LilleRIKSEN, og då nytter vi høve til å invitere alle opp til hovudscenen. Her vil du høyre melodiar som kan sporast heilt tilbake til 1700- og 1800-tallet, og kanskje du vil kjenne att nokre? Arven etter blant anna Myre-Mons, Rasmus Skuset, Knut Støle, Olivia Busengdal og Petrine Vidhammer har desse ungdommane no lyfta fram i lyset og du får høyre den i ei ny form. Velkomen til oss – og ta med heile familien. For dette er eit sjelda høve til å høyre så utrulege dyktige ungdomar ta fram ei slåttar som er mykje eldre enn bestemor og til og med oldemor!
Utøvere: Ungdom frå Tingvoll, Molde, Orkdal, Vestnes, Rauma, Vatne,
Ålesund, Norddal, Stranda, Sykkylven, Vanylven, Volda, Ørsta, Haram
og Herøy.
Sturla Eide – fele/rettleiar, Thea Marie Ytterdal – fele, Kine Iselilja Gyldenskog – song, Anna Gjendem – dans