Månedens artist Erlend Apneseth er av den unge generasjonen av grenselause, eksperimentelle og tradisjonsbevisste musikarar. Denne kvelden tek han med seg jamnaldrande utøvarar frå folkemusikken og skaper ein heilaften med stor spenvidde og spanande arrangement! Saman med Ale Möller, ein av dei verkeleg garva og namngjetne musikarar og artistar i Norden (kjent frå m.a Frifot, Jul i Folkton, Ale Möller Band), møtes musikarane til tre prøvedagar her på Riksscenen, og resultatet blir garantert ein heftig smakebit av kva framtida har å by på!
Erlend Apneseth - hardingfele
Margit Myhr - vokal, hardingfele
Bjørn Kåre Odde - feler
Ole Nilssen - trekkspell
Jørgen Nyrønning - feler
Ale Möller - mentor i prosjektet