Reolô hentar inspirasjon frå mange kantar, men det er alltid folkemusikken som lusker i bakgrunnen. Bandet vekslar saumlaust mellom hardtslåande og originale låtar, tradisjonelle slåttar bygd på mikrotonale og mikrorytmiske element, transebringande improvisasjonar og seige rockegrooves.
Tematisk omhandlar uttrykket i stor grad møter mellom utanforståande spelemenn og underjordiske krefter, gestaltet av huldra.
“Denne kvelden høres Anders Røine, Hans Kjorstad, Rasmus Kjorstad og Hans Hulbækmo mest av alt ut som Parliament-Fun-kadelic live på et college i Michigan cirka 1971, banna bein! Det vil altså si - funky og freaky som fy! Likevel har de all folkemusikalitet og kompetanse hundre prosent til stede i musikken” – Martin Bjørnersen, Klassekampen
Medlemmene er på ulike hald kritikerrosa og prisbelønna, Anders Røine har til dømes både fått prisen som «årets folkemusiker» og dei har vunne fleire Spellemannprisar. Hans Hulbækmo og Kjorstadbrørne opererar innanfor eit vell av ulike sjangrar og spelar blant anna med solide band som Moskus, Marthe Lea Band, Frode Haltli Avant Folk, Vassvik og Morgonrode.