Stinnerbom / Stinnerbom / Dubé er den strålande trioen Sophia og Magnus Stinnerbom frå Värmland, og den kanadiske kontrabassisten Sebastian Dubé. Gjennom prosjektet Västanå Sessions inviterer trioen musikarar til Västanå teater for å koma og øve inn eit nytt repertoar saman med dei tre, for så og setje opp konsertar i slutten av opphaldet. Nokre prosjekt vert meir vellukka enn andre, og samarbeidet med dei to amerikanske legendene innanfor old time og bluegrass, Bruce Molsky og Darol Anger, vart så bra at dei bestemte seg for å etablere eit band av det og gjera turné.
Bruce Molsky frå Bronx, New York, er ein allsidig musiker som reiknast blant verdas fremste formidlarar av den tradisjonelle musikken frå Appalachene på fele, gitar og banjo. Han har gjeve ut sju soloalbum og ein stor mengde samarbeidsplater, blitt nominert til Grammy to gonger, og spelt med storleikar som Linda Ronstadt, Mark Knopfler, Donal Lunny, Andy Irvine, Bill Frisell og Jerry Douglas.
Darol Anger frå San Fransisco i California, er verdskjend for sitt felespel og måten han binder saman ulike uttrykk og sjangerar på. Han har medverka til utviklinga av kontemporære stringband gjennom grensesprengande band som Republic Of Strings, the Turtle Island String Quartet, the David Grisman Quintet og The Montreux Band m.fl, og har gjort innspelingar og turnert verda rundt med musikarar som Billy Taylor, Bela Fleck, Bill Evans, Edgar Meyer, Bill Frisell, Tony Rice og Tim O’Brien for å nevne nokre av dei.
Bruce Molsky och Darol Anger har spelt saman i mange år, og er no aktuelle med sin nye duoskiva ”Lockdown, Breakdown”
Sophia Stinnerbom - viola d’amore, fele
Magnus Stinnerbom - gitar
Sébastien Dubé - kontrabass
Bruce Molsky - fele, gitar, vokal
Darol Anger - feler, mandolin