Gruppa har fokus på trestemt og solistisk song, a capella og med følgje av langeleik og lyre. Treak har fordjupa seg i den vokale songtradisjonen etter Marit Daleng, Guri Hegge og Ragnhild Rolandsgard, alle fødde på 1880-talet i Øystre Slidre. Desse tre kjeldene hadde til saman eit svært stort og mangfaldig repertoar av bådnsullar, salmer, viser og slåttetralling. No får me høyre materialet i ei ny musikalsk drakt.


Ingeborg Onstad - vokal, langeleik
Ingrid Lingaas Fossum - vokal og langeleik 
Marit Karlberg - vokal og langeleik