Folkemusikk for dei galne: Folkesnurr samplar, miksar og smadrar alle tradisjonar. Fanten møter elektronisk tabla-tekno! Baklengsstev, radbrukke halling og Tuva-tjuveri. Ingenting er hellig for Folkesnurr, som etter fleire år på Osafestivalen no snurrar seg i hovudstaden for fyrste gong.
DJ Lars har raida både støvete platemagasin på Bergen offentlige bibliotek og hemmelege krinkelkrokar på Ole Bull Akademiet på jakt etter dei aller saftigaste folkemusikalske raritetane. Bendik, animasjonsekspert og designar for Osafestivalen, byr på leikande visuals, medan Anders leverer grenselause grooves på trommer og perk.
Saman med kveldens gjester bringer Folkesnurr folkemusikken inn i nye landskap der alt kan skje. Dette er kvelden for dei som tør å utforske grensene og oppleve noko heilt nytt på dansegolvet!
Folkesnurr frå Voss er ein del av folkedansfestivalen DANS, DANS, DANS.Sjå heile programmet her: