Eitt av fleire bestillingsverk under Vossa Jazz 2021 er av akkordeonist og komponist Irene Tillung, som stiller med sitt stjernespekka timannsensemble Ti på Taket, og no, få dagar etter urframføring, har me høve til å høyre det i hovudstaden. Musikarane har bakgrunn ifrå folkemusikk, jazz og klassisk musikk, og er med på å gi lydbildet eit karakteristisk særpreg som har begeistra anmeldarar og publikum. Tidvis brukar ho musikarane på ein orkestral måte der instrumenta er med å fargelegge og gi klanglege effektar, og tidvis blir dei eminente musikarane gitt rom til å boltre seg fritt. Debutalbumet "Hildersyn" vart innspelt i legendariske Rainbow Studio med Jan Erik Kongshaug bak spakane, og med Mathias Eick som produsent. Det kommande albumet vil bli eit live-album med dei beste opptaka frå utvalgte konsertar i 2021.
"Gi øre til Irene Tillung, der er mye å glede seg over." – Aftenposten/ Svein Andersen
Musikarane har alle lang fartstid innan det utøvende og skapende musikklivet både nasjonalt og enkelte óg internasjonalt, og er ettertrakta både som konsert- og studiomusikarar. Ensembleleiar Irene Tillung har dei siste åra hatt stadig større del av sitt virke innafor komposisjon og filmmusikk. I 2019 komponerte ho musikk til dokumentarserien "EINAR" av Erling Borgen som nyleg blei vist på NRK, og ellers fleire kortfilmar og oppdrag som komponist og arrangør for m.a. strykeorkester. Tidlegare har ho m.a. turnert og utgitt album med grupper som Tindra, MAAR, skotsk-norske Boreas og Eli Storbekken Trio.
Hver sesong setter Riksscenen følgespoten på viktige og toneangivende artister. Vår intensjon er å la dem vise seg fram fra nye og uventede sider, men også gjerne ta opp igjen prosjekter som flere burde ha fått med seg. Irene Tillung er Husvarm på Riksscenen i høst!