Springdansen som vil bli lært bort på kurset er ein rekonstruksjon som byggjer i hovudsak på fleire intervju gjort i Vestfold på 1930-talet, av folk som kjente til springdansen. Rekonstruksjonen byggjer også på filmopptak frå Vestfold frå 1977 og av springdanser frå områder i nærleiken.
På kurset vil arbeidet med rekonstruksjonen bli presentert og deretter gått gjennom dei ulike delene av dansen. Denne springdansen kan sjåast på som eit tillegg til den som dansast av enkelte i Vestfold i dag, altså som eit bidrag til variasjon i tradisjonen.
Instruktørar er Benjamin Rygh og Andrea Kasbo Rygh.
Søndre Vestfold Spel- og Hagelag vil spille.
Kurset passar best for dei som har litt danseerfaring frå før, men det er også høve til å bli med om du er nybyrjar.
Gratis inngang for alle!
Kurset er ein del av folkedansfestivalen DANS, DANS, DANS. Sjå heile programmet her: