Andrealbumet «Nordlysets døtre» blir sleppt 26. januar 2024. Ingrediensane er dansemusikk frå gamledagar, gode historier og ei sterk formidlingsevne.
På den komande plata har dei børsta støv av kjende og kjære, musikalske perler frå Nordvestlandet på seint 1800-tal og tidleg 1900-tal. Dei har teke fram igjen gamle populære slagerar, men også fleire ukjende skattar frå denne rikholdige musikktradisjonen. Inspirasjonskjeldene for dette albumet har vore alt frå militærmusikk, kunstmusikk frå Europa, religiøse folketonar, til slåttar og bruksmusikk i gamal stil.
Kviven duo formidlar sprudlande, frisk og livsglad vestlandsmusikk av høg kvalitet, og for ekstra groove har dei denne gongen med seg Trent Bruner (Osterøy/Canada) på piano.
Jorun Marie Kvernberg - feler
Britt Pernile Frøholm - feler
Trent Bruner - piano