Dans Dans Dans 2025 startar med tre kræsjkurs i bygdedans i kjellaren på Riksscenen. Med Vilde Westeng som guide kan du få prøve deg på valdresspringar, numedalsspringar og telespringar. Kvart kurs varar i 30 min og arrangørar er Valdreslaget i Oslo, Numedalslaget i Oslo og BLS Ung, som alle tre er medlemslag i Bygdelagssamskipnaden i Oslo og Akershus (BLS).

 

Kursa er ein del av folkedansfestivalen DANS, DANS, DANS. Sjå heile programmet her: