Will og Jenn møttest tilfeldig under ein session i 2018, som leia til at denne særs kompetente og virtuose duoen vart ein realitet. Med røtene djupt planta i engelsk og skotsk folkemusikktradisjon, blanda med inspirasjon frå blues, sigøynerjazz og all verdas folkemusikk, har dei to musisert seg viralt på internett.
Will og Jenn er båe to djupt respekterte utøvarar på sine respektive instrument, og har vunne eller vorte nominert til prisar som BBC Radio 2 Folk Awards, FATEA, Songlines og ScotsTrad Music Awards. Dei har spelt med dei fleste av dei store navna og gruppene innanfor folksegmentet i Storbritannia, og no kjem dei altså til oss i duoformat!
Will Pound - munnspel, torader
Jenn Butterworth - gitar, vokal