Det er duka for eit skikkeleg meistermøte når Riksscenen inviterer til konsert med ingen ringare enn trispannet Arve Tellefsen, Knut Buen og Håvard Gimse! Dei tre musikarane har til saman ei uendeleg rekkje av utgjevingar, prisar og utmerkingar i tillegg til enorme mengder konsertar i inn- og utland, og er blant våre aller fremste utøvarar og formidlarar av musikk uansett sjanger.
På Riksscenen vert det fokus på norsk folkemusikk og musikk påverka av folkemusikken, der Ole Bull, Geirr Tveitt, Myllarguten og Edvard Grieg m.fl vert plassert i sentrum av hendingane. Dei tre musikarane har stor kjennskap til musikken, menneska, sogene og mytene rundt desse særs sentrale personane i norsk musikkhistorie. Dette vert presentert vyrdsamt og humoristisk med stor detaljrikdom, og gjev publikum enno djupare kunnskap om bakgrunnen til dei kjende tonane.
Arve Tellefsen - fele
Knut Buen - hardingfele
Håvard Gimse - klaver