MIKKEL REV spelar hardingfeleslåttar i rockeham med elgitar, slagverk, elbass og hardingfele. Røtene er godt planta i hardingfeletradisjonar frå Vestlandet som uttrykkast på eit høgt og støgt, rocka og noko improvisatorisk vis. 


“det skeiveste rareste sløyeste fugleskremselbandet” - Carl Fredrik Haugfos

Vil du danse springar, gangar eller heilt vanleg utepåbyendans er dette midt i blinken. Garasjefolk til folket!

 

Magnus Øydvin - hardingfele, vokal
Mats Nystam - bass, vokal 

Hans Mikkel Melhus - elgitar 

Ola Even Hogstad Hagen - trommer 

 

 

KJELTRING

Dei gamle spelemennene var rockestjerner i bygda si, dei hadde ikkje bass, trommer, lydanlegg og vreng. Det har Kjeltring.
Trioen med røvarar frå NMH forankrar seg i den norske slåttemusikken. Tradisjonsmusikken blir sveisa i hop med grove basslinjer, mikrotonale harmoniar, harde rytmer, friimpro og tette, gode klangar. Ei himmelsk, eller helvetes sameining.

Lat trampen rulle og gå inn i rammeslåtten til den ferske trioen!

 

Åsmund A. Farstad – feler
Colin Lilius Karlsen – kontrabass
William Granum Dillner – trommer