Juleplata Solhov vart slept i desember 2023 til svært gode meldingar. Ballade.no kalla utgjevinga for «årets norske juleplate», Dagsavisen gav terningkast 5, og Dag og Tid sin meldar meinte plata var «uvanleg gjennomført».

Solhov er eit anna ord for vintersolkverv. Låtane på denne plata har vinter, jul og mørketid som tema, og inkluderer både salmar, religiøse folketoner og andre folkesongar knytt til juletida. Solhov inneheldt tradisjonsmusikk og religiøse folketoner knytt til vinter og julefeiring, og lyfter fram lite nytta og mindre kjende songar og melodiar, i nye format. Mykje av tradisjonsmaterialet er frå Hallingdal, men òg frå andre stader i landet slik som Telemark, Valdres, Vestlandet. 
Plata vart spelt inn i januar 2023 i Hallibakken plateproduksjon på Nesbyen med Tuva Syvertsen som produsent.

Solfrid Nestegard Gjeldokk – vokal
Espen Wensaas – cittern, gitarar 
Lars Inge Tverberg – trøorgel 
Johan Hedin – nøkkelharpe, oktavnøkkelharpe