Laurdag startar programmet klokka 12.00 - 16.00 med springleikkurs. Tor Stallvik som er instruktør.
Klokka 19.00 vert det festkonsert der vi verkeleg skal heidre gudbrandsdalsmusikken. Ola Grøsland og Aslak Brimi loser oss gjennom Gudbrandsdalens storslåtte musikk, truleg med eitt og anna drypp av både beisk og hard døladikting innimellom.
Etter konserten vert det haustens store dansefest på Riksscenen, og mogleg å svinge seg til lag og grupper frå heile Gudbrandsdalen. Dansen går på ulike dansegolv til mellom andre Ramstadstråndingein, Dølalæte, Stasvikens, Lom spelemannslag, Mukampen spelemannslag, Sør-Fron spelmannslag, Vågå spelmannslag, og mange mange fleire.
"Syvers er fyrst ut med dansespel etter konserten laurdag, og har førslepp på den nye plata si "Ferd". Dette blir haustens store gammaldansfest på Riksscenen.