Syskena Séamus og Caoimhe Uí Fhlatharta er blant dei største talenta innanfor irsk folkemusikk på lang tid, og mottok Best Emerging Artists på 2024 RTE Folk Awards som bevis på det. Men det er nok likevel frå deltakinga på Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratlands Langt Heimafrå folk flest her på berget moglegvis kjenner dei.

Dei to kjem frå landsbyen An Áird Mhóir i County Galway, og er kjende for sin sean nós-song (a cappella tradisjonell irsk vokal) og deira unike arrangementer av både irsk- og engelskspråklege songar. Duoen vart for alvor oppdaga under ein opptreden på Late Late Show i 2022 då den sjelfulle klagesangen Anach Cuain fanga stemninga i nasjonen og gjekk viralt rundt om i verda.

Séamus og Caoimhe er båe særs dyktige multiinstrumentalistar, dansarar og All Irland-vinnende artister. Dei held det gaeliske språket og den irske musikalske arven høgt, noko som kom til uttrykk på debutplata deira, ein EP som vart produsert av Brian Whelan og Riverdance-komponisten Bill Whelan.

Ta vel i mot Séamus og Caoimhe på deira fyrste konsert i Noreg!