Four Men and a Dog såg dagens ljos i 1991 med ein legendarisk konsert på Murphys Bar i County Derry. Deretter tok dei Belfast Folk Festival med storm seinare det året, og skapte seg derifrå fort eit navn internasjonalt med sin eklektiske og høgenergiske framføring av irsk folkemusikk. Bandet heldt seg til tradisjonelle danselåtar, men blanda alt frå sørstatsrock, jazz, country, bluegrass og til og med salsa inn i miksen. Debutskiva Barking Mad frå same år vart kåra til årets album av Folk Roots Magazine, den fyrste irske plata som nokon gong mottok den utmerkinga.

I 1994 møtte dei karane i The Band, noko som førte dei til Levon Helms Studio i Woodstock, New York, der plata Doctor A's Secret Remedies (1995) vart spelt inn. Gjestemusikarane på plata var ingen ringare enn Garth Hudson og Randy Ciarlante, og på den påfylgjande turnéen i Storbritannia vart dei to og Rick Danko med på lasset, der fleire schlägers av The Band sto på settlista saman med tradisjonelle irske låtar…berre slik for å nevne det :)

 

Gjer dykk klare for eit eklektisk dykk i legenadarisk irsk folkemusikk!

 

Cathal Hayden - fele, banjo 
Stephen Hayden - fele
Gino Lupari - bodhran, vokal
Kevin Doherty - vokal, gitar
Donal Murphy - trekkspel