Kalejdoskop Trio kjem med eit album som slår med full kraft. Vi har privilegiet å ta imot dei på platesleppturnéen som dei har lagt om Oslo og Riksscenen!
Kalejdoskop Trio er eit prisme av den norske og svenske folkemusikken. Hardingfele, oktavfele, song, klarinett, og shrutibox skaper eit sound med rå kjerne med stort rom, der både domedagskoralar, inderlege viser og feitt slåttespel får plass.
Med plateselskapet Gammalthea i ryggen slepp dei debutalbumet Kalejdoskop. Dynamisk, organisk, nært og effektfullt. Det knasar og brusar som plaster på eit sår fullt av grus.
Vel møtt til ny nordisk musikk – i serien Folk på Torsdag!
Gard Nergaard – hardingfele, oktav fiolin
Sofia Hultqvist Kott – sang, shrutibox
Albin Myrin – klarinett