Vel møtt til ein historisk førjulskonsert med Elias Akselsen! Elias har invitert med seg musikalske vener og musikarar frå det reisande folket til en storslått heilaften på Riksscenen! Heile 15 songarar og musikarar frå Romanifolket skal opptre, så dette vert ein kveld for historiebøkene - aldri har nokon samla så mange av dei beste vokalistane og musikarane frå taterkulturen på ei scene tidlegare.

I tillegg til den fabelaktige stemmeprakten til Elias sjølv, får me høyre t.d. Lasse Johansen, vokalist i Ole Ivars i 18 år, dottera Veronica Akselsen og Wilhelm Johansen som har sunge i den norske MGP-finala og ein mengd andre sterke stemmer og musikarar.

Med si særeigne stemme og utstråling er Elias Akselsen den fremste representanten for romanifolkets rike musikk- og songtradisjon i Noreg. Han er fødd på Årnes, men i tenåra tok han turen over til Sverige, der han samarbeidde med m.a. Cornelis Vreeswijk og Fred Åkerström, før han returnerte til Noreg. Etter returen har han medverka og gjeve ut ei rekkje plater og er tildelt fleire prestisjetunge prisar for musikken sin, med Norsk kulturråds ærespris i 2023 som førebels høgdepunkt.

Det er overhengande fare for at enno fleire gjesteartistar og musikarar dukkar opp, så me ynskjer alle vel møtt  til denne musikkhistoriske kvelden i Romanifolkets teikn!

Elias Akselsen - vokal
Kristine Johansen - vokal
Veronica L. Akselsen - vokal
Hilde Borge - vokal
Helen Borge Johansen - vokal
Roger Johansen - vokal
Stig Akselsen - vokal
Monica Karlsen - vokal
Anita Karlsen - vokal
Lasse Johansen - vokal
Wilhelm Johansen - vokal
Peggy Enerud - vokal
Sara Wilhelmsen - vokal
Hans Olav Trøen - bass
Karl Johansen - gitar
Johan Lindberg - gitar
Lennart Karlsen - gitar