På plassen foran Riksscenen fortset bakgårdsfesten med godkartevling, DJs og levande musikk!
Godkartevling er ein konkurranse i godkarstykkje, dvs den akrobatiske delen av hallingdansen. Publikum kan bivåne fleire av landets beste hallingdansarar gjennom ymse øvelsar innan spenst, kraft og estetikk som dagens programleiar og eineveldige dommar, Martin Myhr, har sett saman. Martin er «the grand old man» innan halling/lausdans her til lands, med ein ukjend mengde kappleikssigrar og utmerkingar, noko som bør gjera han skikka til oppgåva.
Uteserveringa er open fram til Tuvas danseskule startar inne.