I samband med OsloP, vert det jam i Klubbscenen fredag kveld frå kl 20.00 og til godt utpå natta. Det vert durkdrevne musikarar frå, eller med tilknytning til Røros, som leiar jammen, så her er det berre for folket og ta med seg instrument de trakterer og slenge seg med. Utover pols vert det også runddans og låtar frå andre nærliggjande tradisjonar som står på repertoaret. Målet er sjølvsagt å koma så nærme ein kan stemninga i Kaffistuggu på Røros under martnan. 

Det vert sjølvsagt høve til å danse til musikken, sitje og lytte til den eller ta med vener på sosialt samvære med levande musikk til. Kaffekoppane er halvfulle, slik tradisjonen er i Bergstaden, baren er åpen lenge og jammen går - det er med andre ord duka for Kaffistuggu i byen.