«Å byggje byggje, vi byggjer reiret, av kvist og kvastar, og spytt og leire.»
I dag får vi besøk av Anita, Silje og Ester som tar oss med heim til reiret sitt. Flokken vil at heimen skal kjennast trygg og komfortabel. Men kva gjer ein når heimen vert for trong? Nokon er frie fuglar og skapar seg nye reir stadig vekk. Andre må nesten sparkast ut av reiret før dei tør fly ut og skape seg noko nytt.
I framsyninga REIR er dans, musikk og tekst i symbiose med naturen me har rundt oss. Publikum inviterast med inn i reiret til å delta med dans og rørsler.
«Mose mose lite reir, veldig snart er alder meir, du skal ut or reiret»
Anita Vika Langødegård – dans og lyd
Silje Risdal Liahagen – dans og song
Ester Thunander – musikk og rørsle
Alice Gudheim – tekst
Framsyninga er produsert av utøvarane sjølve.