Mojna (tidlegare Eriksson / Myhr / Malmstrøm) er ein svensk-norsk trio som spelar nykomponert nordisk folkemusikk på gitar, hardingfele og klarinett/bassklarinett. 

Med element av improvisasjon og stemmebruk, ein såkalla kontrapunktisk teknikk, har trioen Mojna skapt sitt heilt originale uttrykk. Det er to år sidan debuten För Sola Skin’På Tak frå 2022, ein utgjeving som gjorde at det svenske musikkmagasinet Lira titulerte trioen Årets instrumentalband! Albumet vart også nominert til prisar på den svenske Manifestgalan og Folk & World Music Gala i 2023. 

Nå er trioen klar med nytt album, Väntenätter produsert av Erlend Apneseth. Helga Myhr er bytt ut med Tuva Færden, men ellers er ting som før i den særs talentfulle trioen, og me gler oss til konsert - her på Riksscenen!

 

Thomas Eriksson – komponist, gitar
Tuva Færden – hardingfele
Anna Malmstrøm – klarinett, bassklarinett