Folque er det sjølvtitulerte debutalbumet til av dei mest legendariske folkbanda me har hatt her oppe på berget! Gjengen starta opp som visegruppa “Brød og Vin”, men bytta navn til Folque i 1974, og sto no fram som folkrockband, djupt inspirert av m.a. Fairport Convention, Steeley Span og Richard Thompson. Dei vekte oppsikt rundt i det ganske land, og bandet har mykje av æra til at britisk folkrock fekk så godt fotfeste her i landet. 

Plata er innspelt på tre dagar i Rosenborg Studio, med Øystein Sunde som produsent. Folque, som på den tid besto av Lisa Heljesen, Trond Villa, Morten Bing, Jørn Jensen, Jan Eilif Amundsen og Trond Øverland, fekk med seg Øystein Sunde på nokre låtar, og ikkje minst Thor Andreassen frå Popol Ace på trommer.