Silje Onstad Hålien vart som første kvinnelege dansar tildelt heidersprisen “Årets folkemusikar” under FolkeLarm i 2015. Ho er koreograf og kunstnerisk leiar for kompaniet Villniss, og er sentral i å utvikle det sceniske feltet innan tradisjonsdans. Sivert Holmen er ein anerkjent spelemann, både på hardingfele og 10-strengsfela “hardanger d’amore”. I musikken hans møter Valdrestradisjoner impulser frå samtidsmusikk og moderne komposisjonsmusikk. Holmen har mottatt fleire prisar, han vann Fanitulltevlinga 2022 og har fleire topplasseringar på Landskappleiken.
Medverkande:
Silje Onstad Hålien - dans
Sivert Holmen - hardingfele
Kari Anne Vadstensvik Bjerkestrand - kunstnarleg vegleiing