Tradisjonen tru, det vert ikkje Norse Gaels Folk Fest utan John McCartin! Denne gong har han teke med seg bandet sitt Garadice, for høvet forsterka med felefantomet Tom Morrow. Garadice er fyrst og fremst eit glimrande tradisjonelt band, og med sine livlege melodiar og inderlege historiar lokkar dei tilhøyraren inn til ein musikalsk odyssé der fortida vert hylla og notida vert omfavna.

Det er ikkje kven som helst som spelar og syng i Garadice. Eleanor Shanley er ei av dei mest respekterte vokalistane på den grøne øya. Ho har ei fortid i bandet De Danann, og har gjort innspelingar med folk som Ronnie Drew, Sharon Shannon, Christy Moore, Donal Lunny, U2 og The Dubliners for å nevne nokon. 

Padraig McGovern på sekkepipe har spelt inn musikk med ein mengd irske artistar, inkludert det kritikerroste duoalbumet Forgotten Gems saman med Peter Carberry. Fløytespelar Dave Sheridan har medverka på plater med tradisjonelle band som Lunasa, Dervish, At The Racket og De Danann medan gitarist John McCartin har artistar som Frankie Gavin, Donal Lunny, Dermot Byrne og Sharon Shannon, og band som Dervish, Lunasa og De Dannan på CV’n sin, medan den medbrakte felespelaren Tom Morrow kjem frå superbandet Dervish og har gjort såpass inntrykk at Väsen komponerte “Polska for Tom Morrow”!

Vel møtt til tradisjonell irsk musikk frå aller øvste hylle!