Folk på Torsdag opnar Norse Gaels Folk Fest, og det gjerast med bravur. Felespelar Mark Laurenson frå Suldal, eventuelt Shetland, og supergitarist Jenn Butterworth frå Skottland tek turen til hovudstaden. Trass i at det er to musikarar med lang fartstid på scenen, er det debutkonserten som duo me får vera vitne til. 

Mark Laurenson fekk, som alle andre born på Shetland, tilbod om å byrje på eit instrument som åtteåring. Han valde fele og byrja i lære hjå legenda Willie Hunter, som med sin smittande entusiasme, energi og glede for det tradisjonelle felespelet, inspirerte Mark enormt, og vegen inn i Shetlands unike folkemusikktradisjon var eit faktum. Mange år med drivande rilar og spretne jigs seinare, vann Mark ´Shetland´s Young fiddler of the year´ i 1999, og i 2004 kom han til finalen av The young Scottish Trad musician of the year. Mark spelte i det frykta folkpartybandet Fullsceilidh Spelemannslag og i den anerkjende norsk-shetlandske trioen Aamos med Kevin Henderson og Vidar Skrede. 

 

Jenn Butterworth er ein av dei mest anerkjende folkgitaristane i Skottland, noko utmerkinga “årets musiker” under Scots Trad Music Awards 2019 ber prov på. Ho samarbeider med ei rekkje av dei største artistane i Skottland, slik som Ross Ainslie og Ali Huttons SYMBIOSIS, prisvinnande Kinnaris Quintet, Treacherous Orchestra og Fiddlers' Bid. Ho er også involvert i supergruppa "Songs of Separation" som involverer m.a. Eliza Carthy, Lady Maisery og Karine Polwart. 

 

Butterworth’s style is what makes her one of the most in-demand musicians in Scotland. There are few guitarists in this country able to so intricately guide a set with melody and rhythm
-
 The National Newspaper


 

Mark Laurenson - fele
Jenn Butterworth - gitar