Sesongåpninga for serien Fyrispel vert ein pangstart på 2019! Dei fire spelemennene som utgjorde det fyrste kullet som gjekk det nystarta utøvarstudiet på Spelemannsskulen ved Ole Bull-akademiet kjem alle som ein. Sigrid Moldestad, Liv Merete Kroken, Lars Underdal og Christian Borlaug har alle gjort seg bemerka i folkemusikkmiljøet, og andre musikkmiljø, i tida etter studiet gjennom grupper dei har drive eller vore med i eller som solospelemenn på særs høgt nivå.
Serien Fyrispel går inn i sin andre sesong som solistisk vorspiel til kveldskonsertane. Her får ein høyre folkemusikk framført solo, akustisk og fantastisk!
Sigrid Moldestad – hardingfele, fele
Liv Merete Kroken – hardingfele
Lars Underdal – hardingfele
Christian Borlaug – hardingfele