Spelemannslaget Bøheringen pakkar hardingfelene og tek turen til Rikscenen for å markere at laget er 90 år! Jubiléet vert markert med festkonsert, der eit mangfaldig program med både solo- og samspel vert knytt saman av smakebitar frå spelemannslagets historie og gode soger om bøheringar med hardingfele på Oslotur. Etter konserten vert det dansefest i teletakt utover dei små timane til tonane av laget og solospelemenn. 

 

Det er tungt skyts Bøheringen stiller med denne kvelden. I tillegg til lagspelet får me høyre solospel av mellom anna Lars Ingar Meyer fjeld, Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa, Torgeir Straand, Sunniva Langaas-Røiland og Audun Rørmark, alle blant dei aller beste utøvarane på hardingfele me har her i landet.

 

Vel møtt til festkveld med Bøheringen!