Ei interaktiv danseframsyning om tru og tvil, maktbruk og mellommenneskelege relasjonar bygd på historia om Noregs første og einaste kvinnelege helgen.
«Sunniva no» er tittel på denne samtidsorienterte nyproduksjonen med norsk folkedans og folkemusikk. Produksjonen viskar ut skilje mellom scene og sal og lar publikum får oppleve dans og musikk på nært hald. Med eit audmjukt, og samstundes kritisk blikk reflekterer framsyninga rundt tema i legenda om St. Sunniva. Legenda er den norske varianten av den meir kjende legenda om Ursula og strekker seg tilbake til mellomalderen, då Noreg gjekk frå heidensk til katolsk tru.
Sunniva no er produsert i samarbeid med Førdefestivalen og Sogn og Fjordane Teater, og med støtte frå Kulturfondet.
Gro Marie Svidal – feler
Torill Steinjord – dans
Vetle Springgard – dans
Martin Myhr – dans
Mette Brantzeg – regi/koreografi
Gro Marie Svidal – musikk
Erik Annar Evensen – scenografi
Atle Øydvin – lys
Solveig Fugelsøy – kostyme
Forestillingen har kun et begrensert antall billetter.